Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Svare på brev og avskriving av dokument

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Sakshandsamar pliktar å halde kontroll på restansane sine, og skal dagleg sjekke om det er komme nye dokument til handsaming.

Forvaltningslova § 11a legg føringar for sakshandsamingstid. Dersom sakshandsamar ser at det tek meir enn 3 veker før ein førespurnad kan svarast på, skal han/ho snarast mogleg gje eit førebels svar.

Sakshandsamar skriv svar i sak/arkivsystemet og følgjer rutinen for eigenproduserte dokument.

Dersom ein førespurnad ikkje skal svarast på med brev ut, må sakshandsamar avskrive dokumentet. (lenke til brukarhandboka) Dersom han/ho avskriv med "Besvart med telefon" skal sakshandsamar skrive ein merknad eller eit notat om kven vedkommande har snakka med, og kort om kva som var tema. (jf. fvl §11 d)